m

 

 

     

  
 

 

 

 

Velkomen til Energiråd

 

Energiråd AS er eit tverrfagleg rådgjevingsfirma med spisskompetanse innan energibruk, energisparing og fornybar energi.

 

Energibruk er den største kjelda til klimaskade. Redusert energibruk og meir fornybar energi er difor mellom dei beste klimatiltaka. Energiråd AS kan bistå med miljøprosessar og vi har godkjenning for både Miljøfyrtårnmerking og Svanemerking.

 

Stadig fleire verksemder ser at energi- og miljøtiltak gir positve resultat. Verksemda får lågare kostnader, positiv miljøprofil og forbetra omdøme.

 

Nokre av våre tenesteområde:

 

*Enøk/energiøkonomisering         *Energiledelse

*Energimerking                           *Energioppfølging

*Fornybar energi                         *Fjern- og nærvarme

*Byggherreombud                       *Miljøsertifisering

*Informasjon og rådgjeving          *Bevistgjering og motivasjon

 

Energiråd AS kan hjelpe til med både små og store prosessar.

Vi arbeider med alt frå store nasjonale organisasjonar til små lokale selskap. Ta kontakt om du har spørsmål eller vil høyre meir om

kva vi kan bistå med.

 

 

Harald Jarnes Lillebø og Morten Haukenes, som står bak selskapet, har begge over 20 års erfaring i bransjen. Erfaringa strekk seg frå informasjon og kompetanseheving, til rådgjeving og prosjektering av tekniske anlegg.

 

Morten Haukenes er godkjend for Svanemerking. Harald Lillebø er godkjend for både Svanemerking og Miljøfyrtårnsertifisering. 

 

 

Energiråd AS vil i løpet av 2012 ha på plass ei meir utførleg nettside, der du vil finne meir om kva vi kan bistå med, i tillegg nyttig informasjon.

 

 


 

 Dette er Energiråd AS

si midlertidige nettside,

med kort informasjon om selskapet.

 

Ta direkte kontakt med oss for

meir utfyllande informasjon.

 

Energiråd AS, avd. Ålesund

Borgundvegen 121, 6007 Ålesund

Mobil: 98259010

Epost: harald@energirad.no

 

Energiråd AS avd. Kristiansund

Rørgata 8-10, 6517 Kristiansund

Mobil: 98259018

Epost: morten@energirad.no

 

 

 

 

 

 

Stilling ledig - energirådgivere

Energiråd AS har stor ordretilgang og søker etter flere dyktige rådgivere til kontorene i Kristiansund og Ålesund.  Les mer her.

 

 

Enøk i Sykkylven Næringslag

Energiråd AS i samarbeid med Nordvest Kraft AS, gir enøk-bistand til bedriftene i Sykkylven Industri- og Næringslag. Møre

og Romsdal Fylkeskommune har nyleg 

gitt stønad til kartlegging av enøk-

potensialet i bedriften i Sykkylven. Kartleggingsprosjektet startar våren 2012. Med bakgrunn i kartleggingane vil ein søke Enova om støtte til eit energispareprosjekt for bedriftsnettverket som samla har ein energibruk på nær 90 GWh.  Les artikkel om prosjektet her.

 

 

Forskingsdagane 2011

Energiråd AS i samarbeid med Møreforsking AS, stod ansvarleg for konferansen "Det kommunale huset - energiøkonomisering i fokus" under forskingsdagane 2011,

den 26. september.

 

 

Enøk i Sparebanken Møre

Energiråd AS skal bistå Sparebanken Møre  i å redusere energibruken med 20%. Med hjelp frå Energiråd har banken fått støtte

frå Enova til eit energispareprosjekt som starta hausten 2011. Energiråd AS skal

gå gjennom bygg og lokale for å finne sparetiltak. Vi skal også bistå for å etablere energileiing, og står m.a. for eit omfattande informasjons- og opplæringsprogram  

i heile organisasjonen.

 

 

Stor aktivitet med energimerking

Den nye energimerkeordninga har kome godt i gang.  For at energiattesten skal vere gyldig, må den vere gjort av kvalifisert personell og Energiråd AS har stor pågang etter hjelp til energimerking.  Vi har m.a. energimerka fleire bygg for Sparebanken Møre, Tingvoll kommune, 20 industribygg på oljeforsynignsbasen Vestbase og er fagleg ansvarleg for energimerkinga av bustad og yrkesbygg til Kristiansund kommune. Les meir om energimerking i intervju med Energiråd AS i Sunnmørspostenher, og på NVE sine nettsider her.

 

 

Enøk i Ålesund kommune

Ålesund kommune er ei føregangskommune innan miljø og var først ute med å utarbeide Energi- og klimaplan i fylket.  Kommnen arbeider no med å redusere energibruken og m.a. ned å få til energieffektive nybygg med passivhusstandard. I eit planalgt boligfelt ser ein på moglegheit for passivhusstandard. Energiråd AS bistår kommunen i denne vurderinga. For å effektivisere kommunal byggdrift satsar ein på energileiing. Energiråd AS har bistått kommunen i å lage plan for dette arbeidet. Les enøk-planen for Ålesund her. Vidare er Energiråd AS engasjert til å etablere energileiing, og er m.a. i gang med å gjennomføre eit kursprogram for dei ulike leiargruppene i kommunen og eit eige kursprogram for teknisk personell.  

 

 

Enøk på oljeforsyningsbase

Vestbase i Kristiansund er den største forsyningsbasen for oljeindustrien i regionen. På basen er ei rekke bedrifter som er leverandører av produkt og tenester. Energiråd AS er i gang med eit stort enøk-prosjekt for å redusere energibruken på basen med 20%. Samtidig skal alle bygg energimerkast. Les meir om Vestbase her.

 

 

Kommunar i klimasamarbeid

Totalt 8 kommunar samarbeider om å nå måla i klimaplanane sine. Energiråd AS er ansvaleg for delprosjekt Energi. Harald Lillebø var også ein sentral aktør i arbeidet arbeidet med å utarbeide planane til kommunane i 2008 - 2009.  Les meir om klimaplanarbeidet på prosjektnettsida her  

 

 

Enøk i Haram Næringslag

Energiråd AS gjennomfører eit stort enøk-prosjekt for bedrifter i Haram Næringslag. Samla er målet å redusere energibruken eller gå over til fornybar energi med sju millionar kilowattimar (7GWh). Prosjektet starta i 2009 og skal vere fullført ved utgangen av 2011. Alt no har mange bedrifter fått gode resultat.  Les artikkel om prosjektet i Sunnmørsposten her og om Mørenot her.

 

 

Energiråd til Coop Norge AS

E-kutt i Coop heiter prosjektet som skal redusere energibruken i alle Coop butikkar og varehusi landet. Energiråd AS deltek i leiargruppa og er fagleg rådgjevar og kvalitetsansvarleg for prosjektet. Coop har i første omgang tatt mål av seg å spare 38 million kWh (GWh).  Les meir om E-kutt i Coop her.

 

 

Stor satsing i Norddal kommune

Norddal kommune satsar omfattande både på enøk og fornybar energi. Energiråd AS har bistått kommunen med utgreiing av fjernvarneanlegget i tillegg til fleire søknader om støtte hos Enova. Kommunen har fått støtte til kartlegging av fjernvarme, kartlegging av kommunal byggmasse, enøk-tiltak og ombygging til vassboren varme i kommunale bygg. Energiråd AS har også bistått med kartlegging av enøk-potensialet i kommunale bygg og utgreiing av SD-anlegg i bygga. Meir om fjernvarme-prosjektet i Sunnmørsposten  her og i fagtidsskriftet Norsk VVS her.

 

 

Helseføretak sparer energi

Helse Nordmøre og Romsal HF satsar sterkt på energisparing og fornybar energi. Energiråd AS er engasjert i arbeidet og har m.a. utgreidd løysing med varmepumpe og frikjøling for Knausen-senteret i Molde. Vi er også med og vurderer varmepumpe i staden for olje- og elkjelane ved Kristiansund Sykehus. Helseføretaket har med hjelp frå Energiråd AS fått støtte frå Enova SF.

 

 

Energiråd AS © 2012 • Harald J. Lillebø • Borgundvegen 121, 6007 Ålesund

 Energiråd AS